fredag 16. januar 2009

Tomas "Håkki" Eriksson


Idag fekk vi besøk av Tomas Eriksson, i tilknyting med den kulturelle skulesekken. Han var her og snakka om korleis han opplevde at bygda var betre enn storbyen, med at alle kjenner alle, og at alder ikkje var nokon hindring. Han fortalde om korleis han starta t-skjorte verksemda under namnet «Håkki», som også var eit prosjekt om bygda, og korleis det var å vere «norrlending», noko han blir rekna som, på tross av at han kjem frå ein plass midt i Sverige, Ljungaverk. . Han fortalde også mange forteljingar som var sterkt overdrivne, og fortalde at han skulle ønske at han kunne ljuge som dei gamle karane.

Ingen kommentarer: